Malaysia snur – gir ordre om å redda rohingya-flyktningar

0 Comments

Foto: nrk.no

Statsministeren i Malaysia har gitt marinen og kystvakta ordre om å plukka opp båtflyktningar utanfor kysten av landet. Landet har tidlegare fått kritikk for å avvisa flyktningane.

– Eg har bede marinen og kystvakta om å gjennomføra ein søk- og redningsaksjon etter båtar med rohingya-muslimar. Me må forhindra tap av menneskeliv, opplyser statsminister Najib Razak via Facebook og Twitter.

Det vil bli gitt humanitær hjelp både til sjøs og på land.

Nye takter

Utanriksministrane i Malaysia og Indonesia er for tida i Myanmar, der dei deltek i samtalar med styresmaktene der om flyktningkrisa.

Fråsegna er dei første klare signala om at malaysiske skip går aktivt inn for å søkja etter og redda flyktningar på havet.

Om lag 7000 flyktningar er truleg stranda i båtar i Bengalbukta og i Andamanhavet.

Flyktningane kjem frå Myanmar og Bangladesh. Mange av dei høyrer til den muslimske minoritetsgruppa Rohingya-folket.

Forfølginga av rohingyaene har røter tilbake til kolonitida, men har dei siste åra eskalert i takt med den veksande buddhistiske nasjonalismen og åtak på fleire muslimske minoritetar i Myanmar etter at dei politiske reformene tok til i 2011.

Folkegruppa er underlagd strenge restriksjonar frå myanmarske styresmakter og får ikkje tildelt statsborgarskap – trass i at det bur 1,3 millionar rohingya-muslimar i landet.

Malaysia og Indonesia har tidlegare blitt kritiserte for å avvisa flyktningar som har søkt tilflukt hos dei.

Båtar fullasta med menneske har blitt taua fram og tilbake mellom dei ulike landa i regionen sine farvatn, i det menneskerettsobservatørar ifølgje BBChar fordømt som dødelege «pingpong»-kampar.

Onsdag melde begge landa at dei vil gje mellombels opphald til dei 7000 flyktningane. Dei etterlyser likevel hjelp frå det internasjonale samfunnet til å omplassera dei heimlause menneska.

Kilde: http://www.nrk.no/verden/malaysia-snur-_-gir-ordre-om-a-redda-rohingya-flyktningar-1.12371056

Categories:

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *