Photo: nrk.no

Opprørsgrupper aust i Myanmar har drepe 47 soldatar. Myanmar har prøvd å signere ein våpenkvileavtale med opprørarane, men førebels er det heile eit blodbad.

Det er statlege medium i Myanmar som hevdar at 47 soldatar er drepne i kampar mellom opprørarar og militæret. Uroa har fått mange menneske til å flykte over grensa til Kina, og det pågåande arbeidet med å få på plass ein fredsavtale i området er forverra som følger av valden.

Kampar fleire stadar i landet

Kampane fann stad i Shan-regionen, der det har vore roleg det siste seks åra. Men den stille konflikten har blussa opp att etter at styresmaktene starta arbeidet med å få på plass ein varig våpenkvile med fleire væpna grupper i området.

Mange soldatar patruljerer i Shan-regionen, og andre stader i Myanmar. Konfliktnivået i landet er høgt.

Også meir enn 70 menneske er skadde i kampane.

Styresmaktene hevdar dei prøver å få i orden ein slik avtale for å få gjennomført planlagde reformer og samfunnsutvikling i området.

Også fleire andre stader i landet kjempar lokale væpna grupper mot dei sentrale styresmaktene.

Myanmar har informert Kina om kampane, og mange har altså flykta inn til nabolandet, der dei får hjelp.

– Kina, har gitt flyktningane naudsynt humanitær assistanse. Så snart situasjonen tilseier det, så vil dei returnere til Myanmar, seier ei talskvinne ved det kinesiske utanriksdepartementet, Hua Chunying.

Omfattande reformprosess

Myanmar har dei siste åra gått gjennom ein stor reformprosess, og endra seg mykje frå den militærstaten som landet var fram til 2011. Men sjølv om landet haustar ros, så får dei også kritikk for manglande demokrati og brot på menneskerettane.

Verdas mest kjente myanmarar, og fredsprisvinnar, Aung San Suu Kyi er sett fri av dei nye styresmaktene, etter fleire år i husarrest.

Men ho vert likevel hindra frå å stille til val som landets neste president, fordi Myanmar har ein regel som seier at personar som har vore gift med utlendingar ikkje kan stille til val.

Suu Kyi er gift med ein britisk mann, og det er få som trur at denne lova vil endre seg fram mot valet som skal finne stad til hausten.

Mange tolkar dei væpna kampane i Myanmar som eit tilbakeskritt og eit tydeleg teikn på at det er ein lang veg å gå i nasjonsbyggingsprosessen i landet.

Kilde: http://www.nrk.no/verden/blodig-uro-i-myanmar-_-47-drepne-soldatar-1.12206842