Problematisk minsteløn i Myanmar

Photo: Framtiden.no

Ei lovfesta minsteløn er eit steg i riktig retning, men for tekstilareidarane i Myanmar byr det også på problem i form av kutt i overtid og fordelar.

3.600 kyat (2,80$) eller cirka 24 kroner for ein åtte timar lang arbeidsdag er den nye realiteten for tekstilarbeidarane i Myanmar etter at den lovfesta minsteløna nyleg blei innført.

Dette er ei historisk avtale som kan innebere at tekstilarbeidarane i Myanmar, som no er lengst ned på lønnsstigen i Asia, får noko meir å rutte med, seier Carin Leffler, fagrådgjevar i Framtiden i våre hender og koordinator for Clean Clothes Campaign i Norge.

Les meir om denne saken i Vårt Land.

Avtalen kom i stand etter to år med bitre forhandlingar mellom tekstilfabrikkeigarar og fagforeiningar, og vil truleg føre til auka investeringar i den raskt veksande tekstilindustrien i landet, ifølgje Business Insider.

Kutt i overtid og bonusar
Innføringa av minsteløn har bydd på problem. Mange tekstilselskap i den industrielle sona Hlaing Thayar i nærleiken av Yangon har svart med å kutte i overtid, fordelar og bonusar for arbeidarane. Hundrevis av kvinnelege arbeidarar mista jobben og hundrevis gjekk i streik etter innføringa av minsteløna. Dei streikande kvinnene gjekk til slutt tilbake til symaskinene, sidan litt inntekt er betre enn ingen.

Vicky Bowman i Myanmar Center for Responsible Business, og tidlegare britisk ambassadør til Myanmar, meiner at både arbeidarane som vil ha meir løn og fabrikkeigarane som seier det er ei for stor byrde, har rett.

– Dersom arbeidarane er uheldige så ender dei opp med mindre i løn. I dei fleste tilfellene vil dei ikkje ende opp med meir pengar, uttaler Bowman til Salon.com.
Ho viser også til at fabrikkane, etter år med isolering og lite utvikling under militært styre, er svært lite effektive og dermed også dyre i drift.

Dobling av gjennomsnittsløn
Det blir hevda at minsteløna betyr ei over dobling av den tidlgare gjennomsnittlege minsteløna for arbeidarar i industrisektoren. Nokre internasjonale selskap støtta også innføringa av minsteløn, i trua på at leverandørar då ville betale arbeidarane betre. Det blir også hevda at overtidsbetalinga har vore 200 prosent etter 44 timar i veka, medan normalen i regionen er at ein reknar overtid etter 48 timar i veka, ifølgje Myanmar Garments Manufacturers Association.

Konkurransefortrinn
I ønsket om å kopiere Kina sin industrialiseringsstrategi konkurrerer Myanmar sterkt med andre lågkostland. Med seks dagars arbeidsveke gir den innførte minsteløna i Myanmar ei minste månadsløn på 67$. Dette gir landet eit konkurransefortrinn over kjende tekstilproduserande land som Vietnam og Kambodsja, der den minste månadsløna ligg på henholdsvis 90$ og 128$, ifølgje Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO).

Gjeld ikkje familiebedrifter
Minsteløna gjeld for ein standard åtte timars arbeidsdag, men seier ingenting om overtid. Den gjeld på arbeidsplassar med minst 15 tilsette, medan fagforeiningar kjempa for at den også skulle gjelde for arbeidsplassar med fem tilsette. Kravet frå fagforeiningane blir teke med i evalueringa av minsteløna etter eit år.

Bitre forhandlingar
Ei lov om minsteløn kom allereie i 2013 som eit grep frå regjeringa si side for landet som var hardt ramma av handelssanksjonar frå USA og forlatt av merkenamn som frykta omdømet sitt med den tidlegare militærjuntaen i landet.

Forhandlingane var prega av streikande tekstilarbeidarar på den eine sida, og fabrikkeigarar, mange frå Kina og Sør-Korea, som trua med å stenge fabrikkane om løna blei satt for høg på den andre sida. Fagforeiningane hadde sett fram kravet om 4.000 kyat per dag, medan arbeidsgivarar ville ha 2.500 kyat.

Myanmar eksporterte klede og material for 1,5 millardar $ i 2014, mot 947 millionar $ i 2012. Verdsbanken prosjekterer at Myanmar sin økonomi vekse med 8 prosent i inneverande år. Meir enn ein tredjedel av innbyggjarane i Myanmar si befolkning på 51,4 millionar lever på mindre enn 1,25$ om dagen. Kjende namn som svenske H&M og amerikanske Gap Inc har underleverandørar i landet.

Kilde: http://www.framtiden.no/201601156934/aktuelt/levelonn/problematisk-minstelon-i-myanmar.html

 

Scroll to Top