Minoritetsstaten Kachin har kjempa i over 50 år for sjølvstende. Ein eigen stat inneklemt mellom India og Kina er urealistisk, men meir sjølvstyre i unionen Myanmar – det vil dei ha. Her er eit aldri så lite reisebrev.

A, Ã og E er bokstavar i det kachinske alfabetet, utvikla av ein svenske visstnok. Ein svenske som heiter Ola Hansen. I 1875. Eit alfabet med latinske bokstavar til eit språk som få menneske snakkar og endå færre skriv. Dei får ikkje lov. Heilt nord i  landet som alle her kallar Myanmar, men som mange elles kallar Burma, lever eit folk inneklemt mellom Kina og India. Dei har kjempa mot regjeringshæren i over femti år .

– Du vil sikkert kalla meg ekstremist, sa den tidlegare leiaren for uavhengighetsorganisasjonen Kachin Independence Armee og såg meg inn i augene. Eg møtte han i eit svært hus i hovudstaden Myitkyina. Han tar seg tid og setningane kjem sakte. Ein etter ein.

– Ekstremist! Eg har vore i jungelen i over førti år og kjempa mot okkupantane. Me har aldri fått det me blei lova så langt tilbake som i 1947 av Aung San. Me skulle få sjølvstyre. Det var det avtalen i  Panglong handla om. Hadde Aung San levd i dag hadde med ikkje hatt det betre enn no….Og dottera. Hm. Aung San Suu Kyi er sikkert bra nok ho. For sine eigne. Men ho er ikkje Kachin. Ho bryr seg ikkje om oss. Ho bryr seg om sine eigne. Eg snakkar ikkje reint burmesisk lenger. Eller engelsk, sjøl om eg har graden min frå Universitetet i Rangoon. Men eg har vore førti år i jungelen. Snakka mitt eige språk, kjempa for mine eigne. Du trur eg er ekstremist.

Myitkyina er ein sliten by ved den uendeleg vakre elva Ayeyarwady. Folk smiler her og – og vinkar til utlendingen som er på besøk noen dagar. Dei smiler, men ikkje veldig intenst. Like utanfor byen er det store flyktningeleirar for folk frå landsbyane rundt.

– Eg er glad me har mat. Eg er glad me har noe å eta. Men me lengtar heim kvar einaste dag, heile tida. Me vil heim til landsbyen vår der berre noen få gamle er att, seier ei dame i flyktningeleiren St John som har budd der i over eitt år. To hundre menneske deler eitt kjøkken. Det er brennheitt og flugene svermar.

Kachin er eit rikt område. Kachin har gull, jade og teak som går til Kina, til sentrale styresmakter – og til å finansiera krigen. Lite kjem dei 1,2 millionane som bur i delstaten til gode. Folk kjempar også mot eit enormt damprosjekt like nord for hovudstaden. Planen er at elektrisiteten skal gå til Kina, medan Kachin får naturinngrepa. Dei krigar for å få meir av kaka, for å få forvalta naturressursane sjøl. Dei vil ha forhandlingar før våpenkvile, ikkje våpenkvile før forhandlingar slik dei andre statane har gått med på.

Men heroin har dei. I store mengder. Heroinen er billigare enn mat. Det betyr at misbruket florerer, og dei fleste misbrukarane er å finna på universitetet. Når over 30% av studentane er heroinistar, kor er framtida? Kor er trua?

– Det er nye fredssamtalar i desember, seier den tidlegare leiaren for KIA. Men me har snakka saman før også. Men kanskje skjer det noe denne gongen. Folk er trøtte. Kanskje det skjer noe i 2013.

…………………….

KILDER: http://www.oslocenter.no/2012/12/myanmar-sett-fra-kachin/